Nabogården med lokal produkter  Sjøtunet Landhandel

Kjøtt  
Me sel fenalår og pinnekjøtt frå fjellbeite i Hamlagrø. Kalvesteik, koteletter og korv og killing frå Kvamsøy, samt andre produkt frå eigne dyr. Alt er foredla ved Evanger pølsefabrikk. Dyra har hatt eit godt liv i friluft og det, kjenner ein på smaken.
Skinn
Du kan få skinn i alle fargenyansar, frå spelsau, kalv og killing. Kom og vel deg ditt favorittskinn!
Ideelt som gåve, til hytta eller heime i stova. Kvaliteten på skinna bærer preg av at dyra har gått ute på frodig beite.
Frukt
Bringebær og plommer i sesongen

Me sel produkt primært frå eigen gard og nokre produkt frå andre lokale produsentar.
Per i dag er det bestilling på tlf.  970 39 591 (Alf)  eller 907 04 190 (Torunn).