hjem
Her bur vi.

Me er ein familie på 5 som held til på ein gard på oppsida av hovudvegen på Rykkje. Familie galleri
På garden har me 250 vinterfora sauer, elles smådyr som hundar, katt, høner og ein hane som ikkje kan klokka.
I tillegg har me litt frukt ( plommer) og bær (solbær og rips)
For nokre år tilbake bygde me ny driftsbygning og Kjetil flytta arbeidet sitt inn på garden for fullt. Margrete jobbar ute som kreftsjukepleiar. Me har borna Håvard, Gaute og Hanne.
Naustet har me bygd for å ”ha fleire bein å stå på” på garden, fordi me yngste prøva noko nytt, og tenkte turisme kanskje var ein fin start.