Badet i hardanger

I Hardangerbadet finn du aktivitetar for store og små. Du kan leika, ha det moro og trena. Du kan òg ta ein kopp kaffi og prata med gamle og nye vener. Hardangerbadet koplar saman mange aktivitetar og skaper nye attraktive tilbod retta mot helse og velvære. Symjeanlegget, med 25 metersbasseng, familiebasseng og terapibasseng, er kjerna i anlegget.

Om bassenga og treningsrommet

Hardangerbadet
  1. Rutsjebane med fjordutsikt
    Rutsjebanen startar på toppen av stupetårnet og endar i ein liten kulp ved familiebassenget. Her blir det fart og spenning.
  2. Familiebasseng
    Her finn du ein plaskekulp med spruteleiker, ein grunn del med aukande djup botn og ein djupare del. I den djupe delen kan ein klatre i ein klatrevegg. På baksida av veggen ligg det ein motstraumskanal. Vatnet i familiebassenget er 28 grader celsius.
  3. Stupetårn
    I den djupaste delen av treningsbassenget finn ein stupetårnet. Her kan du hoppe og stupe frå 1 eller frå 3 meter.
  4. Treningsbasseng
    Du kan symje 25 m i 6 banar. Den grunnaste delen av bassenget er 1,40 m, den djupaste 3,60 m. Ein kan nytta heis for enkel tilgang til bassenget. Vatnet i treningsbassenget er på 28 grader celsius. Enkeltbanar eller heile bassenget kan leigast på førespurnad. Ved interesse for leige ta kontakt: post@hardangerbadet.no
  5. Treningsrom
    Treningsrommet er 130 kvadratmeter. Det inneheld oppdatert og variert utstyr for kondisjons-, basis- og styrketrening. Born mellom 13-15år skal trena med ein vaksen. Born 15år og opp, kan trena åleina.
  6. Butikk
    Kjøp deg badetøy og briller, armringer, leiker og badebleie. Har du gløymt handkle og drikkeflaske? Du finn det i butikken.
  7. Sauna
    Slapp av og ro ned. Felles sauna med tilgang frå bassengområdet. Dusj i nær tilknyting.
  8. Garderobar
    Dame- og herregarderobe med alle fasilitetar. Du finn eigne HC-garderobar i begge avdelingane. Mellom garderobane ligg eigne omkledningsrom for familiar som har direkte tilgang til både dame- og herregarderobane.