Naustet er bygd i 2010. Det er bygd oppatt på gamle nausttomta som høyrer til garden. Huset er bygd som eit tradisjonelt naust med båthus i kjellaretasjen, og med eit utleigehus med høg standard i 1. og 2. etasje.

Naustet er på 100 m2 fordelt på 2 etasjer. 1. etasje er på 60 m2, 2 etasje på 40 m2.
1.etasje er tilrettelagt for rullestolbrukarar med stove, kjøkken, bad, soverom og veranda.
I 2.etasje er det 2 soverom og 1 bad.

Innhald i huset: Bildegalleri
Bad: 2 bad med dusj og toalett, der det eine er tilrettelagt for rullestol
Stove:Sofakrok med bord, TV,DVD/Radio/CD spelar
Gratis trådløs Internett
Spisekroken: Spisebord med 8 stolar, barnestol kan skaffast om ynskjeleg

Kjøkken utstyr:
Kjøle/fryseskap
Steikeovn
Oppvaskemaskin
Mikrobølgeovn
Kaffitraktar
Vannkokar
Vaffelkakejern
Enkel kjøkkenmaskin
Alt nødvendig kjøkkenutstyr og servise for matlaging
Elles er det blandt anna
Hagemøblar, Grill
Div spel/kortstokk ol
Sentralstøvsugar
Naustet er tilrettelagt for rullestolbrukar (bad stort nok til å snu ein rullestol, samt skyvedører i 1 etg)
NB: det er ikkje lov til å røykje inne i hytta.