Velkomen til Naustferie på Rykkje
Naustferie, rorbu på Hardangerfjorden
Naustferie held til i ei lun sørvendt vik på Rykkje ved Øystese i Hardanger og er en del av Fyksesund landskapspark. Frå stoveglaset kan du sjå den fantastiske utsikta over Hardangerfjorden og Folgefonna. Me leiger ut eit naust / rorbu som ligg i sjøkanten ved vakre Hardangerfjorden.

Her kan du sitja på verandaen å nyta morgenkaffen mens du ser fisken spretta på fjorden. Deretter kan du ta morgenbad i fjøra nedanfor naustet. Det er kai med mogelegheit for båtleige og fiske for å skaffa seg ein fersk fiskemiddag.
Her er god plass med stort uteområde. Naustet er bygd i 2010 og er på 100m2 fordelt på 2 etg. Det er tilrettelagt for rullestolbrukarar i 1. etg. Her er plass til 6-8 personar fordelt på 3 soverom, og 2 bad. Rykkje ligg i Kvam herad, 8,5 mil frå Bergen – 6,5 mil frå Voss. Les meir i Overnatting